Bare Åsane er en del av Schibsted. Schibsted er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer.

Hun vil takke den snarrådige bilisten, som hindret en bilulykke

Sandra Midtgård Sivertsen. Foto: Privat

Sandra Midtgård Sivertsen. Foto: Privat

Sandra Midtgård Sivertsen vil gjerne rette en stor takk til mannen som grep inn og kanskje forhindret en stygg ulykke på E39.

Men hun vet ikke hvem han er. Hun skriver:

"Det er ein regntung, tysdag morgon. Eg køyrer mi vande pendlarrute mellom Bergen og Alver.

Bilradioen spelar P3morgon, som presenterer ei ny podkast om kvinner i media, «Unnskyld» har dei kalla den.

På strekket før Hordviktunnelen vert eg brått merksam på blinkande lys innimellom bilane i motgåande felt.

Blinka kjem frå ein Pickup, ekstra utstyrt med langlys blinkar han febrilsk.

Eg har éin bil framføre meg, og me sakkar begge farten for å, like febrilsk, forstå kva denne morgon-diskoen skuldast.

Då ser eg det; hjulet på ustø kurs rett mot oss. Eg tenkjer «ikkje treff meg, ikkje treff...»

Det treff ikkje meg, men rett inn i sida på bilen framføre meg, som Pickup-diskoen til alt hell tilnærma har stoppa.

Pickupen svingar ut av si bane, stiller seg på tvers av felta og blokkerer då trafikken i begge retningar.

Ut av Pickupen stig han, Superhelten.

Med sneipen i munnvika lyfter han opp hjulet, utvekslar så eit par kjappe ord med han som fekk det i sida.

Hjulet sin eigar kjem joggande mot han på mi oppløpsside, og Superhelten overrekker det.

Så, like rask som han dukka opp, er han borte. I ekte Superhelt-stil.

Eg prøver meg på ein tommel opp i det han køyrar forbi meg, ein gest som på ingen måte er svarande til mi takksemd.

Eg er så takksam for super(handle)krafta som hindra at eg, og fleire med meg, vart treft av hjulet i ein fart på 70km/t.

Han såg neppe tommelen min. Eg vonar difor at superheltar les Bare Åsane: Takk!"

Gå til forsiden ->